Medlemskontigent 2026
- for 4 døgn siden
- 2 min lesing
Vi håpar både nye og tidlegare medlemmar blir med vidare i 2026 og støttar arbeidet med den vidaregåande skulen i Lom.
Eit sterkt fyrste år
Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom har gjort unna fyrste året sitt. Ved nyttår var vi overveldande 1228 medlemmar. Medlemmane er i hovudsak frå regionen, men mange er også frå rundt omkring i landet. Gjennom medlemsskap og donasjonar har vi fått inn fantastiske 1,7 mill. kroner.
Arbeidet held fram
TAFI har etter godkjenninga av skulen poengtert at det enda vil krevje stor innsats og mykje arbeid framover med å drifte og utvikle skulen. Trass i offentleg støtte er det ikkje strake vegen økonomisk. Det vil enda vere store investeringsbehov for ulike tiltak for å rette seg etter regelverk og skape ein attraktiv og god skule utan elevbetaling.
Viktig med støtte
Skulen treng derfor framleis støtte frå privatpersonar og næringsliv lokalt og vidt omkring. TAFI har også søkt Udir om dispensasjon til å starte opp vg2 anleggsteknikk frå hausten ved skulen. Normalt tek ein søknad til Udir eit og eit halvt år frå søknadstidspunktet 1.februar, før eit tilbod kan starte. Det ligg enno mykje arbeid framfor TAFI før dei kan søke Udir neste år om oppstart av nye tilbod som vil passe i Vågå, Lom og Skjåk.
Drift og utvikling
Venneforeininga sitt vedtektsfesta formål er å arbeide til fremme av eksistens og drift av vidaregåande skule i Lom. Vi har ikkje tenkt å leggje inn årene fordi at privatskulen nå er godkjend med offentleg støtte, men vi vil halde fram arbeidet vårt med å støtte drift og utvikling av skulen i nært samarbeid med TAFI. Vi håpar derfor også i år å bli ein verdifull bidragsytar.
Ein vidaregåande skule i Lom vil avhengig av politisk landskap og demografi på lang sikt kunne risikere å vere under press. Venneforeininga har derfor ambisjon om å eksistere og vere til støtte for skule og lokalsamfunn på ubestemt tid.
Bli med i 2026!
Vi håpar derfor også at flest mogleg av medlemmane våre vil vere med vidare i 2026. Og vi set pris på om vi alle kan bidra til å verve nye medlemmar. Årskontingenten vil vere som før:
Kr. 200 for Medlemskap Ung (15-24 år) og kr. 500 for Medlemskap Vaksen (25 år og eldre).
Takk for all støtte!



