top of page

Lærebøker til elevane – vårt fyrste bidrag

  • Forfatterens bilde: Synne Gjeilo
    Synne Gjeilo
  • 6. aug.
  • 1 min lesing

Venneforeininga har no gjeve sitt fyrste økonomiske bidrag, og det er ei glede å kunne fortelje at vi dekkjer innkjøpet av lærebøker til elevane ved Jotunheimen privatistskule.


Enormt engasjement og stor støtte

Dette bidraget er mogleg takka vere medlemskontigent og donasjonar. Til no har vi samla inn over 1,4 millionar kroner – midlar som kjem frå ei rekkje engasjerte privatpersonar som heiar på dette arbeidet. Difor kjennest det ekstra fint å kunne bruke dei første pengane på noko så konkret, praktisk og viktig som lærebøker til elevane.


Tusen takk til alle som har bidrege så langt – dette er berre byrjinga! Takk til alle dykk 1200 medlemmar som har gjort dette mogleg – og velkomne til nye som vil bli med! Du kan melde deg inn her.


Styret i venneforeininga. Bak frå venstre: Magny Hilde, Kjell Ola Haugen, Mari Bruheim og Bjørn Horten. Framme frå venstre: Heidi Strømstad, Synne Gjeilo og Rita Mundal.
Styret i venneforeininga. Bak frå venstre: Magny Hilde, Kjell Ola Haugen, Mari Bruheim og Bjørn Horten. Framme frå venstre: Heidi Strømstad, Synne Gjeilo og Rita Mundal.


 
 

© Venneforeining for vidaregåande skule i Lom / 2025

bottom of page