Eit val for framtidas distrikt
- Synne Gjeilo
- 4. sep.
- 1 min lesing
Stortingsvalet 2025 nærmar seg, og skuledebatten i Innlandet har vore eit stort tema i denne valkampen. At ei regional sak blir løfta i den nasjonale valdebatten, viser kor stort engasjementet rundt denne saka er.

Oppstart av privatistskule
Jotunheimen privatistskule i Lom vart opna 18. august. Skulen har 83 elevar og 23 tilsette og tilbyr linene studiespesialisering, Vg1 Bygg og anlegg, Vg2 Tømrar og Vg2 Anleggsteknikk. Over 60 millionar kroner er samla inn frå næringsliv, kommunar og privatpersonar. Venneforeininga har nå over 1200 medlemmar og har samla inn 1,5 millionar kroner.
Framtidstru i bygdene
Framleis eksistens av ein vidaregåande skule i Lom har alt å seie for regionen. Det vil førebyggje utanforskap og skape tryggheit, valfridom og eit verdig liv for ungdommen. Ein vidaregåande skule i Lom vil vere med på å ta vare på natur, idrett- og kulturliv, språk, næringsliv, landbruk, reiseliv, beredskap, matsikkerheit, bulyst, framtidstru og folketal i bygdene.
Vi held fram med arbeidet!
Fleirtalet i Fylkestinget i Innlandet har både stemt for nedlegging og mot tilråding av offentleg støtte til privatskulen. Venneforeininga held fram med arbeidet for å få Jotunheimen vidaregåande skule godkjent som ein offentleg finansiert privatskule!