top of page

Bli med på støttekonsert for skulen!

  • Forfatterens bilde: Synne Gjeilo
    Synne Gjeilo
  • 8. okt.
  • 1 min lesing

Fredag 24. oktober 2025 skal ei mengd ulike artistar halde konsert i Utgard. All inntekt går til Jotunheimen privatistskule.


Enorm givarglede

Det blir sal av kaker, drikke og lodd. Det har kome inn flotte premiar frå butikkar og bedrifter i Lom, Skjåk og Vågå. Til og med frå Aune Sand - som har gjeve frå seg to måleri til skulesaka.


Frikk Gjeilo er ein av artistane som stiller opp gratis på støttekonserten den 24. oktober 2025 i Utgard. Foto: Mari  Arnøygard Wedum (Visit Jotunheimen)
Frikk Gjeilo er ein av artistane som stiller opp gratis på støttekonserten den 24. oktober 2025 i Utgard. Foto: Mari Arnøygard Wedum (Visit Jotunheimen)

Stiller opp gratis

Alle artistane stiller opp gratis, og nokre av desse er: Reidar Svare, organist Rasim Ramazanor, Frikk Gjeilo, Erik Grøna, Even Offerdal Bakken, Espen Nicolaisen, Lom juniorspelmannslag, Lom og Skjåk Brass, Eldhug, Jon Olav Kolden, Arnt Joar Bråten og Ruth Olina Lødemel.



Vel billettpris sjølv

Du vel sjølv pris på billetten, og du kan kjøpe billett til arrangementet her: Kjøp billett.


Venneforeininga stiller på dugnad denne kvelden. Lykke til med eit flott initiativ!

 
 

© Venneforeining for vidaregåande skule i Lom / 2025

bottom of page