1200 medlemmar!
- Synne Gjeilo

- 6. aug.
- 1 min lesing
Tusen takk til alle som har meldt seg inn i venneforeininga for vidaregåande skule i Lom!
Har du ikkje meldt deg inn enno? Gjer det i dag! Jo fleire vi er, jo sterkare står vi saman for å få godkjent eit permanent vidaregåande skuletilbod i Lom. Du kan melde deg inn her.
Åpning av privatistskulen
Den 18. august 2025 blir det åpning av den midlertidige privatistskulen i Utgard i Lom. Vi oppmodar alle som kan om å møte opp og vise støtte til elevane. Program kjem snart!



